Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen

Spennande tidsreise tilbake til eit Noreg i krig i januar 1945.

Dagny gruer seg til den første skuledagen på ny skule. Det blir verre enn venta. Ho vaknar opp til håplause klede, fæl skulemat, uleselege bokstavar på tavla, rampete gutar og jenter som mobbar.

Å ønske seg tilbake til krigen var kanskje ikkje så lurt likevel, tenker Dagny, når tyske soldatar marsjerer utanfor skuleporten og bombene smell over hovudet. Heldigvis har ho mormor si venninne Belinda. Og katten Rikka.

Dette er ei spennande tidsreise tilbake til eit Noreg i krig i januar 1945.

Bok:
Forfattar: Ingunn Røyset
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2015
Sider: 255
Passar for: 10-13 år

Andre bokmeldingar