Dyras beste sjekketriks

Morosam og lærerikt om sjekketriks blant 14 ulike dyr.

Du kjenner kanskje til korleis hundar i nabolaget snusar på kvarandre for å verte kjende og for å kanskje sjekke om det er løpetid? Kanskje har du også høyrt ropa frå ein hjort i brunst, eller lagt merke til den våryre kvitringa frå fuglane.

Men har du nokon gong tenkt over korleis strutsane nærmar seg kvarandre? Eller edderkoppen, gibbonapa eller bøylepingvinen?

Heile 14 dyr sine sjekketriks vert presenterte i ord og bilete i denne boka, på energisk og humoristisk vis. Både insekt, amfibiar og pattedyr vert skildra, og boka er ein underhaldande og kunnskapsrik inngang til den merkverdige dyreverda.

VIDEO: Dyrevenn-Malin: – Eg blei sjekka opp av ein pingvin!

Bok:
Forfattar: Malin Hellebø
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2019
Sider: 51
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar