Marnie, mi hemmelege venninne

Anna er foreldrelaus og bur hjå fostermora fru Preston, men ho har ikkje mange venner.

Fru Preston bestemmer seg for å sende ho på sommarferie til fru Pegg og ektemannen, som bur i landlege omgivnadar ved sjøen. Her oppheld Anna seg mykje aleine mellom sanddynene på stranda, til ho ein dag møter Marnie.

Dei to jentene blir raskt gode venner, og Anna blir oppslukt av vennskapet heilt til Marnie plutseleg ein dag er borte. Huset der Marnie budde, ser gammalt og forlate ut, og så flyttar familien Lindsay inn.

Men kven var eigentleg Marnie? Var ho i det heile tatt verkeleg?

Bok:
Forfattar: Joan G. Robinson
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2016
Sider: 260
Passar for: 12-16 år

Andre bokmeldingar