Polarnatt – spennande og godt skrive
Spennande og småskummel flukt gjennom den iskalde polarnatta.
16 år gamle Ilias bur på asylmottak saman med søstera si Amira, som er ni år. Men så skjer det noko farleg som gjer at dei må rømme vekk. Dei må ut i den mørke natta. Kven kan Ilias og Amira stole på?
Dei vil finne huset til Henriksen, men samtidig forfølgjer Nils dei på snøskuter. Snart høyrer dei ein bil, og ei dame kjem ut og vil hjelpe dei. Ho vil ta dei med inn i bilen og inn i varmen, men kan dei stole på den framande dama og mannen?
Historia byr på fleire uventa vendingar. Det er spennande å lesa. Boka er varmt tilrådd!
Bok: Polarnatt
Forfattar: Sunniva Relling Berg
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2019
Sider: 78
Passar for: 11-16 år