Skammarserien 2: Skammarteiknet
Andre bok i den intenst spennande skammarserien.
Skammarfamilien har flykta opp i Høglandet, men den hemngjerrige fyrst Drakan og drakehæren hans får meir og meir makt, og ingen stad er trygg for Skammaren og barna hennar. 16-årige Davin og syster hans Dina kjem opp i harde kampar, kvar på sin måte: Davin med sverdet, og Dina med den farlege skammarevna som ho har arva frå mor si.
Dette er andre bok i den intenst spennande skammarserien, som har erobra unge fantasy-elskarar i land etter land.
Bok:
Forfattar: Lene Kaaberbøl (omsett til norsk av Øystein Rosse)
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2015
Sider: 287
Passar for: Frå 12 år