Tankespinn

Ada har ein livleg fantasi. Ho tek ofte med seg bestevennen Rolf opp i verdsrommet og på andre eventyr.

Rolf er alltid med ho på det flygande teppet hennar og i kastanjeraketten. Men ein dag kjem det ei ny jente i gata, og ho har trampoline. No vil Rolf heller oppleve fart og spenning på ekte.

Ada kjenner seg utanfor, og triste og vanskelege tankar tek til å vekse i det vesle hovudet hennar. Ho veit ikkje korleis ho skal dele desse tankane, og frustrasjonen byggjer seg opp.

Bok:
Forfattar: Kari Stai
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2017
Sider: 51
Passar for: 6-9 år

Andre bokmeldingar