Verdt å vite om dyras liv

Verdt å vite om dyras liv er ei fargerik og spørjande faktabok om dyr.

Boka er full av fargerike og fine bilete av dyr, og ho tek føre seg dei ulike husdyra vi har her til lands. I denne boka lærer du mykje om tradisjonar og dyrehald før og no. Visste du til dømes at det er fleire kyllingar enn menneske i verda, eller at ei ku drikk 150 liter vatn om dagen?

Bok:
Forfattar: Rådet for dyreetikk / Ann Margaret Grøndahl (red.)
Forlag: Skald
Utgjevingsår: 2011
Sider: 63
Passar for: 6-12 år

Andre bokmeldingar