Forskarane delte menneska inn i to grupper: kunstnarar og folk utan erfaring med kunst, skriv Forskning.no.
Samtidig testa dei to typar kunstig intelligens (KI). Den eine jobba heilt åleine, medan den andre fekk hjelp av idear frå menneske. Til slutt vart alle teikningane vurderte av fleire hundre menneske, og også av ein KI.
Vinnar og tapar
Resultatet var ganske tydeleg. Teikningane til kunstnarane vart vurderte som best, og deretter kom vanlege menneske. KI som fekk hjelp frå menneske, gjorde det litt dårlegare, medan KI som jobba åleine, fekk dei lågaste poenga.
Det betyr at menneske framleis er best på kreativitet – i alle fall i denne testen.
KI var ikkje heilt samd
Det var også noko anna som var interessant. KI-en som vurderte teikningane, gav mykje høgare poeng til bilete laga av KI enn det menneske gjorde.
Det kan bety at KI «liker» sine eigne resultat betre enn menneske gjer.
Kva er kreativitet?
Kreativitet handlar om å finna på nye idear eller laga noko nytt, til dømes teikningar, historier eller musikk.
- LES MEIR: Blir du meir kreativ med robothjelp?
Forskarar meiner at KI kan vera flink til å laga ting som liknar på det menneske lagar. Men det er ikkje sikkert det er kreativt på same måte som når menneske finn på noko heilt nytt.
Forskarane meiner studien er god, men at resultatet kan endra seg. KI er nemleg avhengig av kva beskjedar han får. Ein litt annan beskjed kunne gitt eit anna resultat.






















