Ventar viktig fødsel i Dyreparken: Her kan du følgje med direkte | Framtidajunior.no

Ventar viktig fødsel i Dyreparken: Her kan du følgje med direkte

Gepard

Utbreiing: Afrika og Iran Leveområde: Savanner, busklandskap og halvørken Føde: Antiloper, vortesvin, fuglar og harar Vekt: 21-72 kilo Levealder: 6-12 år Topphastigheit: 112 km/t (verdas raskaste pattedyr) Kjelde: Dyreparken i Kristiansand

Gepardane i Dyreparken i Kristiansand er ein del av eit program der målet er å ha ein sunn bestand med gepardar som ein reserve for framtida.

No er gepardhunne Cannelle drektig. Dette var inga sjølvfølgje, då det kan vere vanskeleg å få gepardar til å pare seg, sidan dei er kresne når dei skal velje partnar.

UTRYDDINGSTRUGA: Gepardar er ein utryddingstruga art. Foto: Dyreparken

Tre små

– Vi tok nyleg røntgenbilde av Canelle og vi kan bekrefte at ho ventar minst tre ungar, fortel veterinær Rolf-Arne Ølberg i ei pressemelding.

Det vil truleg bli fødsel innan nokre dagar.

Canelle er fem år gamal og kom frå ein dyrepark i Frankrike til Kristiansand i 2021. I tillegg til ho er det tre andre gepardar i Dyreparken.

HER kan du sjå fødselen direkte.

Kva meiner du?

163 svar

Er det greit å prompe framfor andre?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir