Definisjonar
- Regjering: Ei gruppe personar som styrer ein stat etter lovane som gjeld i landet.
- Stortinget: Det er namnet på den norske nasjonalforsamlinga. Ei nasjonalforsamling er ei gruppe menneske som er valt av dei som bur i eit land til å styre landet og lage lovene.
- Oljefondet: Pengar opptent frå oljeproduksjon som skal sikre god økonomi i landet i lang tid framover.
Kjelde: Stor norske leksikon og Vesle norske leksikon.
Eit statsbudsjett er ei berekning av pengar staten skal bruke og korleis dei skal bruke dei, det kommande året.
Kvart år er det finansministeren som legg fram forslag til statsbudsjettet for Stortinget. I år var det finansminister Trygve Slagsvold Vedum som la fram forslag til neste års statsbudsjett.
Store summar
Forslaget legg opp til at Noreg i 2025 skal bruke 460 milliardar kroner av oljefondet.
For den summen kunne ein mellom anna kjøpt over éin million Tesla-bilar eller kjøpt fotballspelaren Erling Braut Haaland nesten 197 gonger, skriv E24.
Nokre forslag til statsbudsjettet 2025:
- 405 millionar kroner til førebygging av kriminalitet blant barn og unge.
- 5 millionar til dataspel til barn og unge i det offentlege rom.
- Sju millionar til arbeid med at barn og unge skal få ein tryggare digital kvardag.
- 13,5 millionar til Friluftlivets år 2025.
No skal Stortinget behandle budsjettforslaget fram mot desember. Når Stortinget har godkjent statsbudsjettet blir det gjeldande.