Slik hyllar Ukraina heltane sine

Det er to år sidan Russland gjekk til åtak på Ukraina. Krigen har resultert i både utbomba bygningar og veggmåleri som løftar kampanda.

Russland sin invasjon av Ukraina har prega nyheitsbiletet og verdspolitikken dei siste to åra.I Ukraina har krigen sett sitt preg på gatebiletet, både i form av skadar og kunst.

Oleksiy Movchan og tre medsoldatar skal ha redda elleve sivile og ein katt etter eit rakettåtak i Donetsk-regionen, før han sjølv vart drepen. Måleriet er til ære for heltane frå Ukraina. | Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky

Dødstala i Ukraina er usikre på begge sider. Det er mistanke om at Russland underrapporterer tala og Ukraina går heller ikkje ut med sine, men i august estimerte New York Times at 70 000 var drepne på ukrainsk side.