Fekk pris for å spreia matglede

Geitmyra matkultursenter for barn stakk av med årets kompetansepris frå Landskonferansen.

– Dei er verdige vinnarar av denne prisen og det er gledeleg å høyra at dei vil bruka prisen til å halde fram dette gode arbeidet, seier Henrik Hamborg i NHO reiseliv til NPK.

Prisen vert utdelt til nokon som har utmerkt seg på ein god måte. Geitmyra arbeidar spesielt med å læra barn og unge om norsk mat og korleis den blir laga.

Juryen var samd om å gje prisen til Geitmyra matkultursenter for barn. Det siste året har dei arbeida mykje med å bli meir synlege, å spreia matglede og kunnskap om mat. Dei har òg lagt stort fokus på berekraft i arbeidet sitt.

Viktig å satsa på barn

Andreas Viestad frå Geitmyra seier det er utruleg viktig å satsa på barn og unge for å få gode folk til matproduksjon, servering og reiseliv.

– Denne prisen er ikkje ein pris fordi vi har gjennomført – den er ein pris som markerer starten på arbeidet vi alle skal gjera, seier Andreas Viestad frå Geitmyra.