Framtidajunior Visste du at? Hundar gret av glede når dei ser eigaren
Illustrasjonsfoto: Eric Ward / Unsplash

Hundar gret av glede når dei ser eigaren

Våre pelskledde vener blir tårevåte av glede når dei treffer eigaren sin, viser ein ny studie.

Eit japansk forskarteam har målt tårene i hundars auge. Dei har samanlikna tårenivået i normal omgang med eigaren, med gjensynet etter at eigaren har vore borte, skriv Framtida.no.

GIF: Giphy.com

– Me har aldri høyrt om at nokon har oppdaga at dyr gret i gledesfulle situasjonar, som gjenforeininga med eigarane sine, seier Takefumi Kikusui ved veterinærinstituttet på Azabu-universitetet til NPK-NTB-AFP som fyrst ontala saka i Noreg.

Når ein hund møter eigaren sin etter å ha vore skild i fem til sju timar, aukar tåreproduksjonen betydeleg dei neste fem minutta, heiter det i rapporten.

Studien blei fyrst publisert i tidsskriftet Current Biology

 

 

Har du sett hunden din få tårer i auga?

Har du sett hunden din få tårer i auga?

Ja39
Nei16
Har ikkje hund41
Svar totalt: 96

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Vilma Martine (9) elskar å løysa mysterium

Vilma Martine Ness synest det er spennande å leita etter spor og finna ut kva som har skjedd. Aller helst vil ho laga ei mysteriebok om alle bøkene som plutseleg blir borte.

VIDEOAR