Pepper må også til tannlegen

Det er ikkje berre menneske som må til tannlegen. Pepper, som er ein sju månadar gamal Boston Terrier, var nyleg til tannlegen for å trekkja ei tann.

– Pepper var superglad då ho kom til dyreklinikken. Men det spørst om ho kjem til å vera like glad neste gong ho er der, seier matmor Vilde og smiler.

For tanntrekking var ikkje noko kjekt for den vesle valpen. I alle fall ikkje like kjekt som besøka ho hadde hatt hjå dyreklinikken tidlegare.

– Vaksinene ho har fått tidlegare, merka ho ikkje noko til, seier Vilde.

Pepper må bruka ein spesiell tannkost til tannpussen. På den har eigarane det beste ho veit – ein tannkrem som smakar lever. Foto: privat

Vondt i hundemamma-hjarta

Når hundar skal trekka tenner, må dei i narkose for operasjon. Pepper fekk ein veneflon i den eine labben sin.

– Og så måtte ho faste, akkurat slik som me menneske må om me skal opererast, seier Vilde.

Operasjonen og tanntrekkjinga gjekk fint, men det var ein plusk Pepper som kom heim frå dyreklinikken.

– Ho var ikkje seg sjølv. Ho var veldig kvalm og det rann slev ut av munnen hennar, seier Vilde.

Tannkrem med lever-smak

Pepper var ikkje heilt i form etter ho hadde vore til tannlegebesøk. Då ho måtte i narkose for å trekkja tanna, fekk ho bandasje på labben sin. Foto: privat

Det er ikkje så vanleg at små valpar må trekke mjølketenner, då dei normalt mistar dei naturleg.

– Det var på kontroll hjå dyreklinikken me fann ut at Pepper framleis hadde ei mjølketann, som måtte trekkast, seier Vilde.

Framover blir det viktig med tannpuss for den vesle hunden.

– Me har kjøpt ein egen tannkrem til ho som smakar lever. Det er noko av det beste hundar veit.