Julekalender luke 15

I dagens julekalender får du vite korleis du kan lage ein veggdekorasjon av ting du har heime og material frå naturen.

Du treng:

  • Ein lang pinne
  • Hyssing eller fiskesnøre
  • Granbar
  • Julepynt

Slik gjer du:

  • Tre på julepynt som kan henge på pinnen. Det kan vera gamal pynt du har heime, eller du kan gå ut og plukke noko gran eller anna grønt du finn i skogen.
  • Fest hyssing eller fiskesnøre i begge endane på pinnen. La det vera minst 20 cm ekstra tråd, slik at du kan henge pinnen opp på veggen.
  • Og vips – så har du ein superfin juledekorasjon til veggen.