Aktiv vulkan jagar folk vekk frå heimane sine

Den mest aktive vulkanen i Indonesia, Mount Merapi, har hatt fleire utbrot den siste tida.

Då vulkanen vakna til liv i slutten av oktober, hadde den vore i dvale i fleire år.

Myndigheitene i Indonesia har no evakuert hundrevis av personar som bur rundt fjellet, frå heimane sine, skriv aljazeera.

Desse menneska, som i hovedsak er eldre, gravide kvinner og born, vart frakta til førebelse heimar.

Sist utbrot

Sist gong det var eit stort utbrot i Mount Merapi, var i 2010.

Utbrotet førte til at 347 menneske døydde. 20.000 menneske vart evakuerte.