Brennmaneta jaktar som ein edderkopp

Brennmaneta ligg ikkje i sjøen for å vente på oss. Den vil helst fange mat i tentaklane sine. Men den kan ikkje bestemme kven den skal brenne - den har nemleg ikkje hjerne.

Noko av det beste med sommaren er å bade i havet, synest mange. Heilt til brennmaneta kjem. Brenn du deg på ei brennmanet er det veldig ubehageleg.

Brennmaneta har eksistert i meir enn 500 millionar år.

– Manetene eksisterte før fiskane, til og med før dinosaurane, seier forskar Tone Falkenhaug ved Havforskningsinstituttet i en artikkel på forskning.no.

Har verken hjarte eller hjerne

Ho fortel at maneter manglar både hjerne og hjarte. Likevel er dei i stand til å ete store fiskar.

– Dei kan kjenne lukt og bevegelsar i vatnet, seier Falkenhaug.

Måten dei jaktar på liknar litt på edderkoppen, som spinn eit nett for å fange maten sin. Maneter brukar tentaklane sine og ventar på at dyr skal bli fanga i dei.

Maneta vil helst fange mat i tentaklane sine. Men den kan ikkje bestemme kven den skal brenne – den har jo ikkje hjerne.