Kan hjernen bli for full?

Om du lastar ned for mange spel på mobilen din, kan den bli full. Men finst det ei grense for kor mykje vi kan samle på av informasjon i hjernen vår?

– Det er ingenting som tyder på at det finst ei grense for kor mykje informasjon hjernen kan ta imot, seier hjerneforskar Jesper Mogensen til videnskab.dk.

Det er faktisk slik at jo meir du lærer, jo betre blir du til å lære, skriv Ung.Forskning.no. Vi er født med 130 milliardar hjerneceller. Hjernecellene våre er knytt til kvarandre i nettverk. Når vi lærer noko, så blir desse nettverka sterkare – og vi hugser betre.

Vi kan difor tenkje på hjernen som ein muskel. Jo meir vi trenar, jo sterkare blir vi. Droppar vi å trene, blir den slapp og sløv – og vi hugser ikkje så godt.