Lag ein borddekorasjon med epler og appelsiner

Om nokre få dagar skal bordet til julemiddagen pyntast. Kva med å lage ein heilt spesiell dekorasjon? Her får du ei oppskrift!

Dette treng du:

  • Potte
  • Oasis
  • Mose og anna grønt du finn ute
  • Eit raudt eple
  • Ei julekule eller anna pynt som får plass i potta
  • Appelsin
  • Sukker
  • Vatn

Slik gjer du:

  • Fyll ei potte med oasis, og pynt med mose og anna grønt.
  • Legg eit lite raudt eple og litt julepynt på toppen.
  • Skjær appelsiner i tynne skiver. Lag sukkerlake av 1 dl. sukker og 1 dl. vatn. Kok opp og rør til sukkeret har løyst seg opp. Avkjøl blandinga før du dyppar appelsinskivene i lake.
  • Set ovnen på 50 grader, og legg appelsinskivene utover på eit bakepapir. La dei stå i ovnen i minst tre timar.
  • Dekorer med appelsinskiver oppi potta saman med resten.

 

EKSTRA TIPS: Appelsinskiver kan du også nytte til dekorere med elles i huset. På bordet når de skal ete julemiddag, på juletreet (tre ein tråd gjennom med ei nål og heng opp), eller heng dei i vindauga.