Ser hunden kva som skjer på TV-skjermen?

Før i tida passa TV-skjermar dårleg for hundeauge. Kan hundane sjå TV-bileta betre no når skjermane er betre?

– Dei ser nok like godt på nye TV-skjermar som dei ser ute i verda, seier Ernst Otto Ropstad til Forskning.no. Han er ekspert på dyr sitt syn. 

Så kva har skjedd med TV-skjermane som gjer at hundar kan sjå på TV? Svaret er at skjermen viser fleire bilete kvart sekund enn dei gjorde før.

 70 bilete i sekundet

For at bileta skal sjå ut som ein film for oss menneske, må skjermen vise mellom 16 og 20 bilete kvart sekund. Det er betre med fleire bilete, men mellom 16 og 20 bilete i sekundet er det minste vi må ha, ellers blir det hakkete på TV.

Hundar treng at bileta skiftar mykje raskare. Faktisk må det vera 70 bilete etter kvarandre i sekundet. Ellers blir det ikkje ein flytande film i hunden sine auge.