Fleire dyr har vorte sjuke

I sommar har fleire kattar og hundar vorte alvorleg sjuke av maten dei har ete.

Ein feil i produksjonen har gjort at Felleskjøpet tek tilbake 20.000 sekkar med hunde- og kattefôr.

Det har kome for mykje magnesium i fôret som har ført til at dyra har blitt utmatta og fått diaré.

Nokre av dyra har blitt så sjuke så fleire har blitt avliva.

Magnesium er ikkje farleg. Alle menneske og dyr treng magnesium, men i fôret har det blitt tilsatt for mykje, som kan vere skadeleg.