GOD JUL: Aktivitetar i jula

Her er nokre aktivitetar som du kan kose deg med i jula

Alarmtelefon

Dersom du skulle oppleve noko i jula som du opplev som eit ubehag kan du ringe alarmtelefonen. Der får du snakke med vaksne som sit klar for å gje deg råd.

Telefonnummer til Alarmtelefonen er 116 111

LES FAKTALUKK FAKTA

JULENØTTER

A: Kor mange nissebarn?

Nissen bur saman med alle barna sine. Han har seks døtrer. Alle døtrene har ein bror. Kor mange barn har nissen? (Svar nest på sida).

B: Svoltne nissar

Femten grauttallerkar delast ut til eit ukjent antall nissar. Kvar nisse får minst ein tallerken. Ingen nisse får det same antallet tallerkar. Kor mange nissar kan vi på det meste dele desse tallerkane på? (Svar nedst på sida).

JULEVITSAR

Ein far spurde dottera si om kva ho ønskte seg i julegåve.
– Ein veslebror, svarte ho.
På sjølve julekvelden kom mora heim frå sjukehuset med ein nyfødd liten bror.
Året etter spurde faren igjen om kva ho ønskte seg i julegåve.
– Tja, om det ikkje er altfor vanskeleg og hardt for mamma, så vil eg gjerne ha ein ponni.

Grandtante Oddny og vesle Ida:
– Takk for gåva eg fekk til jul.
– Å, det var då ingenting å takke for.
– Nei, det synest ikkje eg heller, men det synest mamma.

Nissemor til nissejenta si:
Når eg hostar, held eg ei hand for munnen. Det må du også lære deg.
Det treng vel ikkje eg. Mine tenner heng jo fast.

Ein familieleik: Filipine

I jula er det mange som spelar filipine. Om du knekk nøtter og finn to tvillingnøtter i same skal, kan du spele filipine. Då et du eine nøtta sjølv, og gir den andre til ein annan. Morgonen etter er det om å gjere å seie filipine fyrst. Den som gjer det vinn, og har krav på ein premie.

Svar på julenøtter

  • A: Han har sju nissebarn,ein gut og seks jenter      
  • B: Kvar nisse får minst ein tallerken, og ingen får like mange:n 1+2+3+4+5=15
    (
    5 nissar kan få grauttallerken).

Beste helsing

Framtida junior