– Folk er ikkje interessert i pels

Færre enn ein av ti nordmenn har kjøpt eit pelsplagg dei siste fem åra. Det viser ei ny undersøking frå Dyrevernalliansen. 

Det norske folk fortel oss at dei ikkje er interessert i pels. Stadig fleire har fått auga opp for den enorme lidinga som ligg bak eit plagg med pels. For folk flest er det rett og slett ikkje verdt det, seier Live Kleveland, kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen.

Heile fire av fem av dei som har ei meining om saka svarar at det er gale å drive oppdrett av dyr i bur til pels.