Parkour og flaggermus – sjekk ut dei nye robotane

Den minste veg berre 93 gram og ein annan tek salto.

Robotar tek stadig nye framsteg, og kan snart bli definert som personar. Nokre går på skulen for sjuke born, medan andre styrer framtidas elbilar. Andre er forelska, skriv romanar eller lærer seg å tilpasse seg eit liv saman med oss menneske.

Her er to av dei siste robotane:

Parkour – hopp og sprett
Roboten SALTO gjer som namnet tilseier. Den hoppar først ein gong, frå golvet og opp mot veggen, og så tek den sats og utfører ein elegant, baklengs salto frå veggen og ut i rommet.

Flaggermus-robot

No har ingeniørar ved forskingssenteret Caltech i California laga ein robot som liknar ei flaggermus, komplett med eit elastisk materiale spent mellom vingene og kroppen: