I Oslo sentrum small det så fleire vindauge knuste om kvelden tysdag 23. september. Ingen vart skadde, men to 13-åringar blei tatt med av politiet. Politiet trur eksplosjonen kan ha samanheng med kriminelle gjengar.
Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) har bestemt at russiske idrettsutøvarar får vera med i vinter-OL i 2026, men dei må konkurrera under nøytralt flagg.
Erling Braut Haaland vart den raskaste spelaren nokon gong til å skåra 50 mål i Champions League — berre etter 49 kampar. Ingen har gjort det så fort før.