Ulrikke Bryn Wethal forskar mellom anna på kva norske hushaldningar kan gjere for klima og miljø. Her kjem ho med tips til korleis du kan vere meir klimavennleg i kvardagen.
Kjensler er noko me alle har, og dei hjelper oss med å forstå verda og oss sjølv. Men kvifor har me eigentleg kjensler, og korleis kan me bli betre kjent med dei?
Fredag førre veke vart Myanmar råka av eit kraftig jordskjelv. Skjelvet som skjedde like utanfor byen Mandalay hadde ein styrke på 7,7, og er det kraftigaste skjelvet i Myanmar på eit hundreår.
I Noreg er den kriminelle lågalderen sett til 15 år, noko som betyr at barn yngre enn 15 ikkje kan straffast med fengsel. Likevel har fleire politikarar foreslått å senka aldersgrensa.
Demokraten Cory Booker sette tysdag ein historisk rekord i Senatet då han heldt ein tale som varte i 25 timar og 4 minutt. Talen, som vart halden som protest mot president Donald Trump, starta måndag kveld lokal tid.