Den første bemanna reisa til månen på over 50 år blir ikkje send opp heilt enno. NASA har bestemt seg for å venta til mars etter dei fekk problem under testing av raketten.
Dei neste vekene kjem det til å stå mykje i media om ei rettssak som handlar om Marius Borg Høiby. Mange får med seg små bitar av saka gjennom sosiale medium, videoar og overskrifter. Difor har Framtida Junior laga ei sak der me forklarer kva som er viktig å hugsa på.
ICE er ei amerikansk styresmakt som jobbar med innvandring og grensekontroll. No får dei hard kritikk og masse protestar etter at ICE-agentar har skote og drepe to innbyggarar i Minneapolis.
Barn og unge brukar kunstig intelligens (KI) både på skulen og i fritida. Men mange synest det er uklart kva som er lov, og etterlyser tydelege reglar og meir opplæring, viser ein ny rapport frå UNICEF Norge.
Forskarar i Noreg åtvarar mot noko dei kallar «KI-svermar». Det er mange tusen falske brukarar på sosiale medium som eigentleg er laga av datamaskinar – og dei kan prøva å lura oss.