Ylva og villgeitene

Spennande og fin bildebok.

Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje åleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. Det same gjer ørna.

Ylva oppdagar noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine?

Bok:
Forfattar: Hilde Myklebust
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2020
Sider: 41
Passar for: 5-9 år

Andre bokmeldingar