Udyr 2 – vanskeleg å legga frå seg
Spennande andrebok i Udyr-serien.
Boka handlar om to ungar som flyktar frå nokre udyr. Dei skal prøva å finna far deira i England etter at mora deira blei drepen av eit udyr. Men finn dei faren, og kva skjer viss dei kjem til England?
Eg likte at boka var spennande og at det skjedde mange overraskande ting. Det var vanskeleg å legga boka frå seg.
Boka var akkurat lang nok, sjølv om det var nokre ting som var unødvendig å ha med.
Viss noko kunne vore betre med boka? Det må vera om det fanst ei bok nummer 3. Men kanskje den kjem?
Bok: Udyr – Ingen steder å gjemme seg
Forfattar: Ingvild Bjerkeland
Forlag: Cappelen Damm
Utgjevingsår: 2025
Sider: 118
Passar for: 11-15 år