Tenk å vere eit MENNESKE

Tenk å vere eit MENNESKE er ei diktsamling med 45 fine og undrande dikt som følgjer eit barn frå leggetid til neste kveld.

Kvar kjem søvnen frå, og kva er eigentleg ein tanke? Kilar det når vinden bles i blada til eit tre, og er kvelden ein ven av mamma og pappa?
Illustrasjonane er fargerike og fulle av rørsle, og ein får heile tida lyst til å bla om til neste side. Anbefalt!

Bok:
Forfattar: Idun Alma Ramsdal og Nora Bech
Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgjevingsår: 2022
Sider: 61
Passar for: 9-13 år