Pyntepanikk

Jula nærmar seg, og det er på tide å pynte i huset til Besta og Besten.

Dei finn fram dorullnissar, julelys og pyntar treet. Likevel får ikkje Besta julestemning. Dei må bake peparkakehus! Peparkakehuset treng glasur. Mykje glasur. Med så mykje melis i lufta, kan det jo hende at nokon må nyse …
Pyntepanikk er den sjette boka i Leseland-serien om Besta og Bo, og ho er full av artige teikningar. Boka er lettlesen og er fin å lese i førjulstida.

Bok:
Forfattar: Anna R. Folkestad
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2022
Sider: 35
Passar for: 3-9 år