Operasjon bronseplass – vanskeleg å legge frå seg
Mysteriet med den forsvunne bronsestatuen i parken.
Boka handlar om Oliver og Tiril som er detektivar. Den mistenkte i boka er Bernhard Knark. Boka startar med at fru Surke oppdagar at bronsestatuen av Hugo Rodin er forsvunne! Tiril og Oliver tar oppdraget med å finne den forsvunne bronsestatuen.
Boka er ei krimbok. Den startar rett ut i handlinga, og er veldig vanskeleg å legge frå seg. Det beste med boka er den spennande og overraskande slutten på boka.
Bok: Operasjon bronseplass
Forfattar: Jørn Lier Horst, Hans Jørgen Sandnes
Forlag: Gyldendal
Utgjevingsår: 2015
Sider: 107
Passar for: 7-11 år