Mexico City Mysteriet
Kva skal ein gjere når det blir verdas undergang?
David og familien hans reiser på ferie til Mexico City for å oppleve å feire jul der. Dei finn ut at den gamle Maya-kalenderen tar slutt og at det er verdas undergang i desember! Dei opplever veldig masse i ferien. Dei møter til og med på ein kjent politimann der.
Denne boka er kjempespennande, og den startar brått. Det er mykje som skjer i boka. Det er gode bilde og kart i boka. Slutten er god, og boka var litt vanskeleg å leggje frå seg. Boka er gitt ut av Aschehoug og er ein del av ein serie med 16 bøker. Boka er nummer 13 i serien og er illustrert av Trond Bredesen. Det beste med boka var at det var masse action, og veldig spanande. Boka passar veldig godt for dei som liker krim. Eg anbefaler andre å lese denne boka!
Bok:
Forfattar: Bjørn Sortland
Forlag: Aschehoug Oslo
Utgjevingsår: 2012
Sider: 166
Passar for: 9-12 år