Knokedunk

Knokedunk er ei faktabok om korleis hendene til forskjellige dyr ser ut, og kva dei brukar hendene sine til.

Hendene til menneske og hendene til dyr er kanskje ikkje så ulike, men kan dei brukast til det same?

Vi møter ein liten gut som filosoferer over alt han kan gjere med hendene sine, og som vil finne ut kva andre dyr kan gjere med sine. Guten samanliknar sine hender med ulike dyr sine hender, og han prøver å gjere det same som dyra gjer.

Men der dyra klarer seg utan ekstra utstyr, må guten ta i bruk reiskapar som klatreutstyr, spade, hengekøye og kniv.

Bok: Knokedunk
Forfattar: Åsmund. H. Eikenes
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2019
Sider: 39
Passar for: 6-9 år

Andre bokmeldingar