Den mystiske skulen

Den mystiske skulen er ein bokserie med tre bøker: Ånda i glaset, Spøkelseshunden og Svartedama.

Grete går i første klasse på ein skule som er over 100 år. På veggane heng det gamle bilete av dei tidlegare lærarane og rektor. Dei ser sure og dystre ut.

Det knirkar og knakar i veggane og ein høyrer uforklarlege lydar. Det skjer òg mystiske og litt skumle ting. Det er dei gamle lærarane og elevane som går igjen!

Sally i tredje klasse kjem med alle moglege forslag og aktivitetar for å kalle fram dei mystiske åndene, men dei viser seg ikkje for kven som helst. Same kor hardt ein prøver.

Bok:
Forfattar: Katarina Genar (omsett av Øystein Rosse)
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2017
Sider: 60
Passar for: 6-9 år

Andre bokmeldingar