Ei spennande bok om ein ekte krigshelt
Dette er boka for deg som likar spennande bøker om andre verdskrigen.
Max Manus kjem frå Danmark. Han bur med onkelen sin i Havana på Cuba etter at foreldra blei skilt. Max jobbar som guide for sjømenn, og så får han hyre på båt.
Max blei med i militæret 9. april 1940, då Tyskland invaderte Noreg og Danmark. Utanfor huset til Max hadde norsk og tysk politi funne ein lapp med liste over gode nordmenn i motstandsrørsla. Max måtte hoppa ut av vindauget for å ikkje bli arrestert. Han brakk ryggen og skuldra. Han fekk hjelp av vener til å rømma. Etter ei lang reise via mange land kom han seg til Canada på militærtrening.
12. Mars 1943 flaug dei til Noreg, og no var det alvor. Max Manus blir skoten i halsen av politiet, men kula traff berre ytterste delen av halsen, heldigvis. Max og fleire av kameratane kjem seg unna. Verre gjekk det for dei tre som holdt vakt. Per Stranger-Thorns, Lars-Emil Erichsen og Jon Hatland blei arresterte og tekne med til Victoria Terrasse. Der blei dei torturrerte, men dei røpa ingenting, og døydde som heltar.
Boka starta ganske bra, og så blir det berre betre og betre. Handlinga var veldig spennande. Du bør lese boka. Eg likte best når Max blei med i krigen og alt det spennande som skjedde.
Bok: Max Manus
Forfattar: Andreas K. Iversen
Forlag: Kagge
Utgjevingsår: 2024
Sider: 191
Passar for: 9-12 år