Lottie Brooks’ seriøse vennekrise
Dette er ei spennande bok for deg som likar drama, humor og vennskap.
Boka handlar om ei 13 år gammal jente som heiter Lottie. Hamsterane hennar heiter «Professor Pip» og «Pelsball den Tredje». Lottie har ein bestevenn som heiter Molly. Dei bur i England, men no har Molly flytta til Australia.
Det er stort problem for Lottie, for no skal ho begynne på ungdomskulen vennelaus!
Lottie elskar sjokoladen KitKat. I første møte med klassen skal dei seie litt om seg sjølv, og då seier ho «Eg heiter Lottie Brooks og eg likar KitKat.» Alle ler. Slik fekk ho kallenamnet «KitKat». Seinare fekk ho kallenamna «Agurkjenta», «Rispuffehovudet» og «Lisje søte cupcake».
På skulen er det ein gut som ho likar som heiter Theo. Det er ikkje berre ho som likar han. Amber sei ho også er forelska i Theo, og ber Lottie om å introdusere henne for han! Det går også rykter om at Tess har kyssa Theo bak skulen. Les boka så får du ALT dramaet.
Eg syntest boka er VELDIG bra. Den er morosam og spennande. Eg er så glad for at det finst ti bøker i denne serien. Eg vil absolutt lese alle, og anbefalar Lottie bøkene.
Boka passar best for 9-13 åringar.
Om du likar Lottie-serien vil eg også anbefale serien «Dustedagboka» av Rachel Renee Russell.
Bok: Lottie Brooks' seriøse vennekrise
Forfattar: Katie Kirby
Forlag: Bonnie forlag
Utgjevingsår: 2021
Sider: 454
Passar for: 9-13 år