Bokmelding: Mysteriene i Gompelby – Scott Sniff tar saken
Likar du både kos og spenning i bøker? Då kan du bli med til Gompelby og prøva å løysa mysterium saman med detektiv Scott Sniff i Kirsten Holtmon Resaland si nye bok.
Scott Sniff er nyutdanna detektiv utsend frå storbyen til Gompelby. Han ønsker å bli ein helt, men han er litt usikker på seg sjølv. Vil dei som bur i byen lika han? I tillegg rotar han seg støtt og stadig bort, noko som ikkje tek seg særleg bra ut om ein er ein detektiv.
Alle i Gompelby et dei magiske bæra gompelbær. I tillegg til å vera ein nydeleg delikatesse, gjer dei magiske bæra at rovdyr ikkje ønsker eta andre. Til dømes jobbar krokodillen Aggi og Gåsa Gina fint saman som politikonstablar.
Dei aller fleste i Gompelby er gode og lovlydige borgarar, men me finn også dei som lever litt på skyggesida. Klåfingra Kåriander Kråx er ei kråke, og Kalle er ein kameleon som synest det er vanskeleg å la vera å stela. Og det er manga andre mistenkte i sakene…
Ein verdifull medaljong forsvinn frå politistasjonen, og ei eske med gøyale leiketøy blir borte frå ein ny leikebutikk som er i ferd med å opna.
Rett før løysinga på sakene kjem oppsummeringslister med dei ulike spora detektiv Scott og politikonstablane har funne. Du kan lesa boka som ei vanleg bok, eller så kan du bli med å løysa mysteria i Gompelby!
Bok: Mysteriene i Gompelby
Forfattar: Kirsten Holtmon Resaland
Forlag: Egmont
Utgjevingsår: 2026
Sider: 104
Passar for: 7-10 år