Soluna 2 – Løgnene
Andre bok i den nye nordiske manga-serien Soluna er minst like spennande som den første!
Me blir kasta rett ut i kaoset som tvillingane Tanwen og Aiden opplever då dei finn ut at nesten alt dei har lært har vore løgn! Korleis blei eigentleg verda til, og kven var Omni før han blei den vonde krafta som terroriserer Nexus? Støtta av motstandsgruppa kalla «De grå» risikerer tvillingane livet for å forsøka å komma seg til månen for å henta Nila. Ho er den einaste som kan kjempa mot Omni. Men om så mykje anna har vore løgn, korleis kan tvillingane veta kven dei kan stola på, og kven dei ikkje kan stola på?
Her er det duka for spenning på kvar ei side!
Det kan vera lurt å lesa første bok i Soluna-serien, Soluna 1 – Tvillingene, før ein tek i ferde med Soluna 2 – Løgnene. Forfattar Camilla Dahlstrøm har bygd opp eit imponerande detaljert og storslått univers for lesarane sine, og bak i begge bøker finn ein informasjon om Terrex sin religion, historie, geografi, astronomi og reglar for magi. Du finn også presentasjon av dei ulike karakterane. Du finn til og med eit eige alfabet!
Bok: Bokmelding: Soluna 2 - Løgnene
Forfattar: Camilla Dahlstrøm
Forlag: Egmont
Utgjevingsår: 2026
Sider: 176
Passar for: 10-14 år