Nattklubben er ei discokule av ei bok! 

Nattklubben er ei discokule av ei bok! I den kan både barn og vaksne spegla seg og få eit glimt av eit eventyrljos som bur i oss alle.

Då eg var lita, hadde eg ein slik speledåse, ein boks der ei ballerina snurra sakte rundt og alt glitra til musikken når ein opna loket. Det var noko av det vakraste og mest spanande som fanst.

Same kjensla får eg i møte med boka Nattklubben av Mona Vetrhus og Sebastian Meschenmoser. På framsida ser me ei bjørnebestemor i raud hatt og bunadsstakk dansande bak ein liten bjørn med ei glitrande disco-kule på hovudet. Illustrasjonen er nydeleg. Eg er fem år igjen og gler meg til å opna boka for å sjå kva for skattar som skjuler seg der inne.

I boka møter me Veslebjørn og besta som begge er rastlause og ikkje heilt klare for å gå i vinterhi. Besta har lyst til å dansa hattedansen (hallingkast) ein siste gong. Ho viser Veslebjørn discokula si og så snart mammabjørn har sovna snik dei to seg ut for å finna andre dyr som vil vera med på nattklubb.

Illustrasjonane i boka dekkjer heile sidene og slik eignar forteljinga seg godt for høgtlesing både heime og for yngre barn i skulen. Heldige er dei vaksne som får vera med på barna sin nattklubb.

Bok: Nattklubben
Forfattar: Mona Vetrhus
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2024
Sider: 41
Passar for: 4-8 år

Andre bokmeldingar