Engleslakt
Spenninga er i gang frå fyrste side, og det er action heile tida.
Boka handlar om Engel Winge, som er journalist i lokalavisa på Tysnes. Boka opnar med at Engel Winge og Irene er på konsert. Ein mann går opp på scenen og avbryt konserten med å spreie tåregass utover publikum. Ungdommane forsvinn for staden, men Engel bestemmer seg for å bli igjen for og finne ut kva som skjer.
Ho finn ut at det var faren til Sunniva som hadde storma scenen, på grunn av at han ikkje likte at dottera si var i det same miljøet som Sly, ein av musikarane i bandet. Irene og Sly går på fest, og har sex.
Seinare får Engel eit bilete av denne hendinga. Engel vil finne ut kven som har sendt denne meldinga, og etter kvart rotar ho seg opp i konfliktar med Irene, Sunniva, Sly, politiet og far til Sunniva. I løpet av handlinga får Engel eit forhold til ein av dei andre musikarane i bandet, Lucas. Det skjer dramatiske ting og Engel sitt liv er også i fare.
Me likar boka fordi det byggar seg opp mykje spenning. Spenninga er i gong frå fyrste side, og det er action heile tida. Nokre gongar blir det litt overdrive.
Forfattaren nyttar eit språk som det er lett for ungdom å kjenne seg att i. Ho brukar ”grove ord.” Handlinga foregår i vårt lokalmiljø, det er bra fordi me kjenner oss igjen på desse stadane. Det kan vere litt negativt at Engel heile tida er sur og negativ. Ho er prega av at ho har hatt ein spesiell oppvekst, der ho mista mora tidelig, og faren flytta til Berlin. Engel bur hos mormora si.
Me synes boka passar for folk mellom 14-18 år. Kanskje spesielt for gutar, i og med at Engel er ganske gute-aktig sjølv.
Me vil anbefale boka, og me vil også anbefale og lese dei to fyrste bøkene i serien, for å bli betre kjend med Engel og dei personane ho har rundt seg. Forfattaren fangar lesarane si interesse, noko som gjer det vanskelig å leggje ifrå seg boka. Boka egnar seg godt for høgtlesing.
Bok: Engleslakt
Forfattar: Ingelin Røssland
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2010
Sider: 156
Passar for: 13-15 år