Fly, Thea! Fly!

Ei bok om det å finne sin eigen veg, om vennskap, draumar og framtidstru.

Thea er fosterbarn fordi mor hennar er for sjuk til å vere heime. Sjølv om familien ho bur hos er snille og greie, er det noko som manglar, føler ho.

Ein dag går Thea forbi ein plakat om ei kunstutstilling som skal vere på kulturhuset. Midt på plakaten er det eit bilete som ho ikkje klarer å sjå seg mett på.

Etter utstillinga får Thea gå på målekurs, og no vaknar teikne- og måleinteressa hennar for fullt. Fosterfamilien er til god støtte og oppmuntrar Thea til å halde fram. Det gjer også klassevenninna Mathilde, som likar å lese og skrive, og Joss på målekurset.

Fly, Thea! Fly er ei bok om det å finne sin eigen veg, om vennskap, draumar og framtidstru.

Bok:
Forfattar: Bente Bratlund
Forlag: Mangschou
Utgjevingsår: 2015
Sider: 158
Passar for: 9-13 år

Andre bokmeldingar