Kameljegeren

Løyen og spennande bok for eventyrarar.

Lise skal vere med bestefaren sin på jobb i tre veker, saman med broren Øystein. Bestefar er kameljeger i Sahara-ørkenen, og køyrer hit og dit med motorsykkelen sin i lag med villhunden Tam.

Saman sankar dei soltørka kamelar som har vandra ut i ørkenen for å døy åleine. Kamelane skal malast opp og brukast til krydder på graut.

Boka har også ei parallell handling i faraoane si verd, der det levde ei lita prestinne som heitte Aahmis. Ho har enno ikkje fått fred i sjela etter tre tusen år, og ventar og ventar på at nokon skal kome og hjelpe henne.

Bok:
Forfattar: Tore Kvæven
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2013
Sider: 191
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar