Klure
Boka handlar om Jens som føler seg som ei klure.
Jens tenker på alt han ikkje kan, han er ikkje flink til å springe og hoppe, ikkje kan han stupe og ikkje er han flink til å bygge modellfly eller få ting til på sløyden.
Han er rett og slett ei klure, som pappa kallar det. Han er dessutan liten av vekst, og han blir oversett av Randi som er læraren hans. Han har lite sjølvtillit, og vil helst vere usynleg.
Heldigvis har han to gode vener, Rita og Helge som bakkar han opp og vil vere saman med han.
Bok:
Forfattar: Atle Hansen
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2018
Sider: 120
Passar for: 10-13 år