Klodeklubben: Julemysteriet

Klodeklubben må løysa eit spennande julemysterium.

Klodeklubben er ein detektivklubb som har miljøsaker som sin spesialitet. Dette er den fjerde boka i serien. No må Vanja, Sivert og Mo løyse eit julemysterium.

Den store julegrana på torget vert nemleg øydelagd, og det er noko rart med nissen som kjem for å dele ut gåver på den store julemarknaden. Dei tre venene i Klodeklubben er straks på saka, og gjer alt dei kan for å finne ut kva som har skjedd.

Boka har flotte og detaljerte bilete, og på dei siste sidene i boka kan vi lese miljøfakta om global oppvarming og klimaendringar.

Bok:
Forfattar: Ruth Lillegraven
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2021
Sider: 80
Passar for: 6-9 år

Andre bokmeldingar