Rundt jorda og tilbake
Jonas går i sjuande klasse, og han liker veldig godt å spele gitar. Han bur saman med mamma og veslebror Andreas som er åtte år. Pappa har nettopp flytta ut fordi han har fått seg ny kjærast. Mamma er veldig lei seg. Jonas tenker at han må vere veldig snill, slik at ho blir glad igjen.
Det er berre ein ting som er som før, gitartimane. Jonas øver på ein song han skal spele på konserten. Det er mamma sin yndlingssong, og han trur at dersom pappa kjem vil alt bli bra igjen. Jonas kjenner mykje ansvar for mamma.
Bok:
Forfattar: Inger Johanne Sæterbakk
Forlag: Aschehoug
Utgjevingsår: 2020
Sider: 177
Passar for: 10-14 år