Monstertanta – realistisk og kjekk å lese
Monstertanta er ei veldig bra bok skriven av Ingelin Røssland.
Forfattar:
Ingelin Røssland blei født 19. februar 1976. Ho vaks opp på Tysnes, det ligg i Sunnhordaland. I 2009 flytta ho til Sverige og no bur ho på Lidingø rett utanfor Stockholm. Ho er utdanna som journalist.
Ingelin Røssland har skrive Handgranateple, Viss du vil, Engle fjes, Kirsebærsnø, Minus meg, Englejakt, Flyt, Kunsten å inhalera, og Monstertanta.
Boka handlar om:
Foreldra til Julie reiser til Kreta for å prøva å lappa saman ekteskapet. Julie blir sendt til tanta si som bur på ein gard og tanta hatar ungar. Tanta er veldig streng med kva Julie et, fordi ho synest Julie er tjukk.
Ein dag bestemmer ho seg for å rømma heim att. Midt oppi denne forferdelege sommaren blir det også nokre lyspunkt. Julie får seg rett og slett ei venninne som veit om fine badeplassar.
Mi eiga oppleving:
Eg synets boka var veldig bra og eg kjente meg igjen i masse av det som skjedde, sidan eg bur på gard. Eg kunne ha vore i situasjonen som Julie er i, men eg skulle helst ikkje ønska det.
Eg trur eigentleg at Monstertanta ikkje er så veldig slem, men at ho hadde ein vanskeleg oppvekst.
Eg synes at boka var veldig lærerik og veldig realistisk. Eg vil nok anbefala boka for barn og unge over 11 år, men den er kjekk å lesa for vaksne også.
Bok: Monstertanta
Forfattar: Ingelin Røssland
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2007
Sider: 101
Passar for: 11-14 år