Sør-Korea feirar barnas dag

5. mai er barnas dag i Sør-Korea. Alle barn får fri frå skulen, og dei vaksne får fri frå jobb.

I over 100 år har sørkoreanarar feira dei viktigaste innbyggarane i landet, nemleg barna. Datoen 5. mai blei visstnok valt fordi han er lett å hugse. Det er den femte dagen i den femte månaden, altså 5/5. Slik er det ikkje nokon tvil om når den kjekkaste dagen for barn i Sør-Korea er.

I mai er vêret varmt og naturen blømer. Derfor blir barnas dag gjerne feira utandørs. Typiske aktivitetar er å gå i dyrehagen, ha piknik eller besøke ein fornøyelsespark. Barna får is eller anna godt å ete frå foreldra. Er barna ekstra heldige, får dei til og med ei lita gåve.

Foreldre har også sin eigen dag i Sør-Korea, tre dagar etter barnas dag. Men foreldredagen 8. mai er ikkje nokon offentleg fridag. Det er berre barndommen som blir feira med ein heil dag fri.

Bør barn i Noreg få ein eigen fridag?

Bør barn i Noreg få ein eigen fridag?

Ja, heilt klart!24
Nei.5
Veit ikkje.3
Svar totalt: 32