Noregs Mållag: – Skriv nynorsk på nynorskdagen!

I dag er nynorskdagen! Noregs Mållag og Norsk Målungdommen utfordrar alle nordmenn til å skrive nynorsk i dag.

I høve «Frivilligheitas år» i 2022, kan frivillige organisasjonar peika seg ut kvar sin dag.

Noregs Mållag valde 12. mai som sin merkedag. Valet fall på akkurat den datoen fordi det var denne datoen Stortinget vedtok å likestilla nynorsk og bokmål med «jamstillingsvedtaket» i 1885.

I dag er nynorsk eit nasjonalt språk, som alle i Noreg lærer på skulen.

– Målet vårt er å ufarleggjera det å skrive nynorsk for dei som sjeldan eller aldri gjer det

– Nynorsk er for alle, men er mindre brukt enn bokmål. Målet vårt er å vise at det ikkje er farleg å skrive nynorsk – og på nynorskdagen er det lov å prøve, skriv Mållaget i ei pressemelding.

– Me blir veldig glade om de skriv eit ord, ei setning eller ei sak på nynorsk.

– Bruk emneknaggen #nynorskdagen i sosiale medium, står det vidare.

Skriv du bokmål til vanleg? Prøv nynorskroboten til Nynodata: https://nynorskdata.no