Skrivekonkurranse: Skriv ein 17. mai-tale

Bli med på skrivekonkurransen vår om den beste 17. mai-talen. Den beste talen får fine premiar.

Det nærmar seg 17. mai, og endeleg blir det skikkeleg feiring med barnetog. Me i Framtida Junior vil gjera ekstra stas på dagen, og inviterer alle barneskuleelevar til å bli med på å skriva 17.mai-tale.

Oppgåve:

Skriv ein 17. mai-tale til alle barn i Noreg.

Frist:

2. mai

Førstepremie:

Abonnement på papiravisa Framtida Junior og t-skjorte.

Me vil òg trekka ut vinnarar av t-skjorte blant alle som deltar.

Send til: framtidajunior@gmail.com

Legg òg ved telefonnummer til læraren din eller foreldra dine.

Sjå tidlegare vinnarar av årets beste 17. mai-tale og andre saker om 17. mai her!